Wardruna

Lyrics to Odal

Me er eit gamalt tre

Med nysprungne knoppar

Mot sola me strekk oss

Fram for å vekse

Høyr!

Langt nede i rot

og i ringar av år

Kved dei gamle

Høyr!

Langt nede i rot

og i ringar av år

I barken sit sår

Dei vitnar om ære

Dei vitnar om nid



Somme svir meir enn andre



Sjå meg djupt i

augene blå

du må forstå

Hugs at alle

eingong forlét

Natta den kjem

Eg gjev deg din odel

Om du vil ha

Den fer ikkje fra

Tungt den veger

Hugs, ta ikkje meir

enn du orkar å bere



Djupt i jord

Gjev rot deg retning

Når stormar fer

Dei knakande

Kvedar



Sjå meg djupt i

augene blå

du må forstå

Hugs at alle

eingong forlét

Natta den kjem

Eg gjev deg din odel

Om du vil ha

Den fer ikkje fra

Tungt den veger

Hugs, ta ikkje meir

enn du orkar å bere



For kvar einaste spire

Vert me høgare og djupare



Odal