Massar vel massarVox vulgi vulgarisqueSjøl vel eg meg burtFrå grunne dustadorerFri frå radiotiFrå prat og mas med plonkPopbutikk med platt lyrikkSkit vil ingen havaAv røyndom vart eg råkaDei smale dikts dygdSlik skal lesingi veraLåke sjelers liggEg hatar tumsutainmentTusund timar hev dei tekeDet heile er so verdlaustFata det fyrr du døyrDei rusar seg på dumskapTykkjer mange tyder rettBerre massen trur på massenDet er grøtelegt, men santMobil og sigarettHeld keisemdi på fråstandAkk den arme masseladdEg ser han allstadEg vel smalgangenFor der er plassen størstSmalhans kann eg kallastUm eg tarv eit namnEg gjeng mot fåmannsveldetVitets vidd i verdiDei heimlegare bokskåpSom ikkje gjev ved døri